Det vert sagt at på det ukjende fjellet Kadath, nær sjøen Hali i øydemarka bortanfor liv og von, kviler Herren Hastur og drøymer. I sju aldrar har han kvilt, og verda er draumen hans. Men ein gong skal han vakne og seia: «Kva er dette? Eg har sove ein augneblink, og eg har drøymt dunkelt og utan samanhang om ei verd som er ulik den verkelege! Men nå ser eg røyndomen.» Da skal hav og fjell, skogar og grøne sletter verte til inkje, liksom skyene frå i går, og ei ny verd skal stige fram for Herren Hastur sitt blikk.
I Kadatheron, nord i det gamle landet Mnar og vest for den buktande elva Ai, levde ein mann som søkte rettferd. Namnet hans var Nungoth, og han budde i eit skur i utkanten av byen. Der skar han figurar i tre og selde dei til handelsmenn frå fjerne land. Nungoths fedrar hadde ått slott og store marker utanfor Kadatheron. Desse eigedomane var komne på framande hender, for rike kjøpmenn hadde synt fram gulna pergament med teikna til fedrane hans, skrivne i blod. Difor levde Nungoth i fattigdom medan han søkte rettferd.
Fyrst tok han gullet frå sine henders arbeid og gjekk til skrivarane og dei rettslærde. Dei tok gullet hans, og etterpå sa dei: «Har ikkje fedrane dine skrive teikna sine på pergament, og finst ikke desse pergamenta ennå hjå dei som nå eig slotta og markene? Gå heim og søk oss ikkje meir før du kan syne fram nye pergament og meir gull. For slik det er nå, kan du ikkje få meir rettferd enn du alt har fått.»
Da gjekk Nungoth til stormennene og dei mektige i borgrådet i Kadatheron og la fram saka si. Stormennene og dei mektige sa: «Ber du falske ord mot dei rike brørne våre, dei som nå eig slotta og markene etter fedrane dine? Gå bort og sett deg ikkje opp mot dei som er betre enn deg, for gullet til motmennene dine ropar høgare enn støvet til alle fedrane dine.» Og da han ikkje ville teia, kasta dei han i fangeholet og sa: «Der kan du rotne til du lærer å bøye deg for Lova i Kadatheron og sluttar å rope om rettferd!»
I fangeholet drøymde Nungoth lenge og ba til Kadatherons gudar. Men dei såg på han med kalde auge og sa: «Ofrar ikkje prestane i Kadatheron tre uksar til oss kvar morgon, så blodrøyken stig til oss frå tempelet, for at vi skal gi folket og herskarane framgang og rikdom? Og ofrar dei ikkje ni møyer til vår vellyst om våren, og ni om hausten, for at uvenene deira skal brenne evig i daudsrikets pine? Men du er visseleg ein fiende av Lova og herskarane i Kadatheron, sidan du sit i det mørkeste fangeholet og krev rettferd. Gå frå oss! For blodet frå uksane og venleiken til møyene ropar høgare enn alle dine bøner.» Og Nungoth vakna og kunne ikkje få rettferd frå Kadatherons gudar.
Da fór vitet hans ut av han og flaug som ein ulande vind oppetter dei kalde, mørke trappestega. Og Nungoth lo i mørkret og sa: «Likevel skal eg få rettferd. Eg skal finne Herren Hastur, Han som har skapt verda og alle mindre gudar, og krevja retten min frå han!»
Så fasta Nungoth lenge og rørte ikkje det mugne brødet eller det marketne kjøtet som vaktarane ga han. Til sist låg han som ein daud, og vaktaren Sri Rabag venta berre på at han skulle ande ut. Da kunne ein annan fange få lekkjene hans, og Sri Rabag skallen, som trollmannen Nuur ville kjøpe for tre talakar i gull.
Og medan Nungoth låg slik, fór sjela hans bort med han ennå levde. Vanvitets vindar førte sjela hans til den kalde øydemarka. Der vandra sjela hans over mørke åsar og frosne hav, under himlar tyngre enn bly og raude som blod, og til sist nådde ho Kadath i øydemarka. Og Kadath steig høgare enn alle fjell. Demonar og formlause skuggar ulte langs fjellsidene og lo mot Nungoths sjel, medan daude draumar kom dansande frå sjøen Hali for å spotte henne. Men all frykt hadde forlate Nungoth saman med vitet hans, og sjela hans stansa ikkje, men søkte Herren Hastur på toppen av fjellet. Og der, høgt over verda og skyene, sto ho fram for Herren Hastur og ropte: «Vakne, Hastur! For eg er Nungoth og søker rettferd, og korkje Kadatherons menn eller Kadatherons gudar vil gi meg retten min. Men du er Herren Hastur og vil visseleg straffe uvenene mine!»
Da vakna Herren Hastur. Han såg seg om og sa: «Kva er dette? Eg har sove ein augneblink og drøymt dunkelt og utan samanheng om ei verd som er ulik den verkelege, og om treskjeraren Nungoth som krev rettferd. Men nå er eg vaken, og draumen er som skyene frå i går, for nå ser eg røyndomen.»
Og draumen til Herren Hastur løyste seg opp og vart til inkje, liksom skyene frå i går. Og Kadatheron og landet Mnar og den buktande elva Ai var ikkje til lenger. Det var heller ikkje Kadatherons menn og prestar og gudar, eller den fattige treskjeraren Nungoth, eller slotta og beitemarkene til fedrane hans. Ei ny og strålande verd steig fram for Herrfen Hastur sitt blikk, med skinande byer og sletter og soler og planetar, og fargar som menneskeauga aldri skal sjå.
Såleis fekk Nungoth rettferd frå Herren Hastur.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar